Hoppa till huvudinnehållet

Den tørre og varme sommaren i fjor har gitt rik blomstring på gran og mange andre treslag i år, og Skogfrøverket førebur seg no på konglesanking i plantasjar og bestand til hausten. Førebels rapportar viser god blomstring i lågareliggande strøk i Sør-Norge. Diverre ser det ut til at det ikkje blir så sterk blomstring i dei områda det er mest naudsynt å få sanka nytt frø.

  Knoppane til grana dannast sommaren før dei skal bryte. Varmt ver under knoppdanninga i månadsskiftet juni-juli og ein tørr forsommar gir signaler til trea om å anlegga blomsterknoppar. Dermed er det varme og tørre veret i juni og juli fjor ein årsak til at det er mykje blomstring på gran i år.  Sidan blomstringa på gran er sterkt påverka av veret det føregåande året går det ofte mange år mellom kvar blomstring, ein tommelfinger-regel er at grana blomstrar kvart sjuande år. I kjølvatnet av ein vår med blomstring kan ein hauste kongler og frø om alt går bra med pollinering og frømodning i løpet av sommaren.

Landsdekkande frøforsyning til skogbruket

Skogfrøverket har som formål å sørgje for landsdekkande frøforsyning til skogbruket av blant anna gran, og førebur seg no til konglesanking til hausten. Sidan det er mange år mellom gode frøår er det viktig for frøforsyninga til det norske skogbruket at slike år blir utnytta til det fulle. I enkelte område er det viktigare å sanka frø enn andre, fordi frølagera begynner å minka eller eldest. Dette gjeld særleg for Midt- og Nord-Noreg, og midlare og høgare høgdelag i Øst-Noreg. Frølageret for Nord-Noreg består no i hovudsak av frø sanka i 1970. Lageret er stort men frøet tapar seg over tid og det er nødvendig å fornya lageret om ein skal kunne forsyne dette området med frø av god kvalitet i framtida.

Blomstringsprognose basert på klimatiske data

Våren 2019 utarbeida Skogfrøverket ein blomstringsprognose basert på klimatiske data frå Meteorologisk institutt og tidlegare erfaringar og observasjonar. Prognosen viser at det er utsikter til rik blomstring på Sør- og Østlandet og deler av dei indre fjordstrøka på Vestlandet. For Midt- og Nord-Noreg er prognosane meir moderate. Varmt ver i april førte til å blomstringa starta tidleg i mai mange stader i Sør-Noreg, og mykjer tyder på at blomstringa stemmer godt overeins med prognosen. Det same gjeld diverre for Midt-Noreg; førebels rapportar viser at blomstringa er svakare enn ein kunne ynskje seg før ei konglesanking i dette området. Det er framleis for tidleg å seie noko meir om blomstringa i Nord-Noreg, og ein kan framleis håpa at den blir betre enn prognosane.

Testinga av kongleprøvar

Rik blomstring er berre fyrste trinn i prosessen for å få eit godt frøår med frø av god kvalitet. Gode førehald for pollinering og lite skader av sopp og insekt på konglene er også viktige forutsetningar. Framover vil Skogfrøverket fortsetta å få rapportar om blomstringa, og til hausten startar testinga av kongleprøvar. Fyrst i september har ein godt bilete på kvar blomstringa har gitt sankeverdige bestand og plantasjar.